Valhalla  
вернуться   Valhalla > Норвежский клуб > Основные норвежские форумы > Норвежский язык
Регистрация


Для отправления сообщений необходима Регистрация
 
опции темы
старый 27.05.2006, 00:13   #1
Senior Member
 
аватар для deardron
 
Регистрация: 07.2004
Возраст: 40
Сообщений: 1.642
Репутация: 0 | 0
По умолчанию Russenorsk

Всем привет!

Есть ли у кого какие-нибудь материалы по руссенорску (пиджин, которым пользовались поморы и норвежские рыбаки в 17-18 вв.). В Гугле не искать, я туда уже смотрел, просто нужно больше материала.
Сегодня
Реклама

Ссылки от спонсора

старый 29.05.2006, 23:04   #2
Member
 
аватар для Cavedweller
 
Регистрация: 10.2004
Сообщений: 815
Репутация: 0 | 0
По умолчанию

ну только в Википедии. http://en.wikipedia.org/wiki/Russenorsk. больше нигде не видел

а в Ленинке\Иностранке нету?
старый 30.05.2006, 18:35   #3
Junior Member
 
Регистрация: 05.2006
Сообщений: 42
По умолчанию

Russenorsk

Ingvild Broch og Ernst Håkon Jahr
Ingvild Broch er universitetslektor i russisk, Ernst Håkon Jahr i nordisk språkvitenskap, begge ved Universitetet i Tromsø. Saman har dei gitt ut boka Russenorsk et pidginspråk i Norge (Tromsø-studier i språkvitenskap III), Oslo: Novus 1981.
– Drasvi, gammel god venn på moja! Kor ju stannom på gammel ras? (God dag, min gamle, gode venn! Kvar var du i går (eig. på gammel gang)?
– Ju spræk på moja kantor kom. (Du sa du skulle komma på kontoret mitt.)
– Moja på ander kantor, nokka vin drikkom, så lite pjan kom. (Eg var på eit anna kontor, drakk litt vin, og så blei eg litt full.)
– Tvoja fisk kopom? (Skal du kjøpe fisk?)
– Saika kopom i på Arkangelsk på gaf spaserom. (Eg skal kjøpe sei og segle til Arkangelsk.)
– Kak pris? Mangeli kosta? (Kva er prisen? Kor mykje kostar han?)
– En voga mokka, så galanna voga treska. (Ei våg mjøl til halvanna våg torsk.)
– Eta grot dyr. Værsegod, på minder prodaj! (Det er svært dyrt. Ver så god, sel billegare!)
– Ju kanalijunka! Trokk om trokk. (Du din kanalje! Vare for vare.)
Dette er ein dialog på russenorsk, det språket russarar og nordmenn brukte seg imellom i samband med bytehandelen med fisk og mjøl og andre varer langs kysten av Nord-Noreg frå byrjinga av førre hundreåret og fram til den russiske revolusjonen i 1917.
Russenorsk er det einaste veldokumenterte pidginspråket i Norden. Eit pidginspråk er eit språk som er utvikla som kommunikasjonsmiddel mellom folk med ulike og gjensidig uskjønelege morsmål, som t.d. norsk og russisk. Eit pidginspråk er ikkje morsmål for nokon, og som regel er det svært forenkla i høve til dei språka brukarane har som utgangspunkt. Pidginspråk har oppstått overalt i verda der det har vori behov for eit enkelt kontaktspråk. Når behovet blir borte, kverv også pidginspråket. Russenorsk hadde eit uvanleg langt liv til pidginspråk å vera, omlag 150 år. Men da russehandelen i Nord-Noreg tok slutt med første verdskrig og revolusjonen, blei også russenorsken borte.
Russenorsken oppstod og blei brukt mellom norske fiskarar og russiske kjøpmenn. Kjøpmennene kom frå Murmankysten og Kvitsjødistrikta i Nord-Russland. Dei hadde med seg mjøl, trelast og andre varer som dei bytte med nordnorske fiskarar i rå, tørka og salta fisk. Handelen var til gjensidig fordel for partane. Russarane kjøpte fisk i makketida om sommaren når det var vanskeleg for fiskarane å få avsett fisken i Noreg. Og nordmenn fekk billegare og sikrare tilgang på viktige varer. Russarane hadde gjerne faste stader dei besøkte i Nord-Noreg. Det var først og fremst Vardø, Vadsø, Hammerfest og Tromsø, men dei hadde byteplassar fleire stader, og av og til drog dei så langt sør som til Helgelandskysten.
Det var altså først og fremst russiske fiskeoppkjøparar og norske fiskarar som brukte russenorsk. Norske handelsmenn, som også handla med russarane, lærte seg etter kvart vanleg russisk, m.a. gjennom opphald i Arkangelsk. Frå norsk side var det derfor i første rekkje fiskarbefolkninga (bumenn, samar og kvenar) som skapte og brukte russenorsk.
Lydverket i russenorsk bygde på norsk og russisk, men var forenkla slik at til dømes norsk /h/ blei /g/ i russenorsk. (Sml. RN gaf < no. hav.) Dette skjedde fordi russisk ikkje har /h/. Og russiske lydar som vi ikkje har i norsk, blei også forandra og forenkla: RN drasvi (= god dag) < russ. zdravstvujte.
Dei vanlegaste pronomena var moja og tvoja. Dei blei brukte både som personlege pronomen og eigedomspronomen, og tydde altså både eg, meg, min (= moja) og du, deg, din (= tvoja). (Sml. Tvoja fisk kopom? = Skal du kjøpe fisk?) Desse pronomena kom frå russisk, men det er uklart kvifor russenorsk hadde fått dei i akkurat denne forma, som er eigedomspronomenet i hokjønn. Det har vori foreslått at dei kan ha kommi frå eit pidginspråk på grensa mellom Russland og Kina.
Verba blei karakteriserte med endinga -om (i setningane her: stannom, drikkom, spaserom, kopom), sjølv om ikkje alle verba hadde denne endinga. Russenorsk skilde ikkje mellom ulike tider og former av verbet. Til vanleg blei det ikkje brukt noko ord for verbet vera (sml. Eta grot dyr = det er svært dyrt), men det er det ikkje vanleg å gjera verken i russisk eller i pidginspråk generelt. Russenorsk kunne av og til bruke verba ligge/liggom og stannom i tydinga 'vera på ein stad' ("opphalde seg"). (Sml. Kor ju stannom på gammel ras? = Kvar var du i går?)
Substantiva hadde berre ei form. Det vil seia at det ikkje blei skilt mellom bestemt og ubestemt form, mellom eintal og fleirtal. Det ser ut til at endinga -a blei brukt til å markere substantiv (t.d. saika, voga, mokka, treska = sei, våg, mjøl, torsk).
Russenorsk hadde nokså fast ordstilling, men rekkjefølgja subjekt – verbal – objekt var ikkje heilt gjennomført, m.a. kom ofte verbalet sist i setninga (Værsegod, på minder prodaj = Ver så god, sel billegare).
Preposisjonen på blei brukt til å uttrykkje alle slags avhengige forhold (t.d. klokka på moja = mi klokke, mala penga på lomma = lite pengar i lomma, på morradag = i morgon, på Arkangel reisom = reise til Arkangelsk).
Vokabularet var for det meste frå norsk og russisk, men det var også ein del ord frå andre språk, som engelsk, fransk og nedertysk/hollandsk (t.d. slipom < eng. sleep, trokkom < fr. troquer (= byte), grot < n.t. grot (= stor). Noko som var spesielt for russenorsk som pidginspråk, var at det hadde så mange orddublettar: Orda for den same tingen kunne vera tekne både frå norsk og frå russisk, og dei to orda levde side om side i språket. Svært mange pidginspråk byggjer på møtet mellom eit dominerande, europeisk kolonimaktspråk og eit innfødd, ikkje-europeisk språk. Da er det som regel slik at det europeiske språket har gitt basis for ordtilfanget. Men i russenorsk var dei to basisspråka norsk og russisk meir jambyrdige.
Den første omtalen vi har funni av russenorsk, kjem frå baron F. W. Wedel Jarlsberg frå 1812–1814. Wedel Jarlsberg var da amtmann i Finnmark, og han omtaler språksituasjonen der. Han nemner norsk, samisk og kvensk, og så seier han:
Endnu [= i tillegg] tales i Finmarken et fjerde Sprog, sammensat af Norsk, Russisk, Hollandsk, Tysk, Finsk [= samisk] og maaske Kvænsk, man kunde kalde det Handelssproget; thi heraf betjener de Handlende sig for indbyrdes at gjøre sig forstaaelige; dog benyttes det kun naar Handel skal sluttes med Russer.
Men vi har funni døme på russenorske ord enda tidlegare. I Justisprotokoll for Finnmark for 1785 blir ordet russmann brukt, eit ord som er kjent frå seinare russenorske tekster, og ei orddanning vi kjenner frå andre russenorske ord som filmann (same), burmann (norsk bonde og fiskar), olenamann (fjellsame). I Justisprotokoll for Finnmark frå 1807 er det enda eit russenorsk ord: krallom (= stela < russ. krast' – å stela, pret. kral-). Her har vi det første dømet på den russenorske verbalendinga -om. I forma krale er dette ordet gått inn i nordnorske målføre.
På bakgrunn av desse funna er det rimeleg å tru at russenorsk utvikla seg i andre halvdel av 1700talet, det vil seia ca. 50 år tidlegare enn det ein har trudd før.
Opp gjennom 1800-talet har vi fleire omtalar av russenorsk, for det meste frå folk som reiste i Finnmark. Det er interessant å sjå at vurderinga av språket skiftar rundt 1850. Før 1850 blei russenorsk omtalt nøytralt som eit språk som blei brukt i samhandelen mellom nordmenn og russarar, og setningar og karakteristikkar blir attgjevne utan noka negativ sosial vurdering. Men i ein artikkel i Skilling-Magazin i 1855 blir det hevda at norske kjøpmenn nå hadde begynt å lære seg russisk, og at dei kommuniserte med russarane på deira eige språk. Dei seinare vurderingane vi har av russenorsk, viser seg å vera atskilleg meir negative enn dei før 1850. Ludvig Kr. Daa kallar det eit "Kragemaal" (1870), A. W. S. Brun eit "Sjakersprog" (1878), og i 1905 omtaler Amund Helland det som eit "sammensurium" og kaller det "en taabelig blanding af enkelte norske, russiske og engelske gloser".
Denne endringa i holdninga til russenorsk er ikkje overraskande. Tvert imot kunne vi vente ei slik utvikling, når den lokale overklassen slutta å bruke russenorsk og gjekk over til å snakke "ordentleg" russisk. Da har desse kjøpmennene begynt å vurdere russenorsk som noko uformeleg og simpelt, og så er det deira oppfatning som pregar dei seinare omtalane. Dette vil også seia at omtalen frå ca. 1850 av fell saman med den van lege måten å omtala pidginspråk på rundt om i verda. Likevel viser dette at den låge sosiale statusen til pidginspråk først og fremst er knytt til den sosiale statusen til brukarane, ikkje til ei vurdering av dei lingvistiske særdraga til språket.
På 1900-talet blei dei sosio-økonomiske vilkåra for russenorsk etter kvart borte: Det kom nye reguleringar for handelen, bytehandel gjekk over til pengehandel. Dei store kjøpmennene fekk meir og meir kontrollen over handelen. Truleg blei derfor evna til å tala russenorsk mindre under dei siste åra med russehandel.
(Språknytt 1/1983)
старый 31.05.2006, 00:24   #4
Member
 
Регистрация: 05.2005
Проживание: Москва
Возраст: 52
Сообщений: 446
По умолчанию

Возможно, сведения об этом языке есть в трудах Татьяны Шрадер (в девичестве Алимовой), много писавшей о поморской торговле и защитившей на эту тему, кажется, уже докторскую. Увы, под рукой нет ее работ -- все на даче...
Sponsored Links
Для отправления сообщений необходима Регистрация

Тэги
russenorsk

опции темы


На правах рекламы:
реклама

Часовой пояс в формате GMT +4. Сейчас: 22:19


valhalla.ulver.com RSS2 sitemap
При перепечатке материалов активная ссылка на ulver.com обязательна.
vBulletin® Copyright ©2000 - 2017, Jelsoft Enterprises Ltd.